Gravferd

Når nokon dør kan du stå der rådlaus å ikkje vite kva neste steg skal vere. Då er det godt å ha nokon å prate med. Ring prest viss du har behov.

Gravferdsbyråa i Nordfjord kan og hjelpe til slik at du får ei god og verdig gravferd for du har mist.

Vakttelefon for prestane i Nordfjord er 95 48 38 03. Her er det bare å ringe.

Per dags dato har vi to byrå som jobbar inn i mot Vågsøy.

Gravferdshjelpa AS v/Eva og Tore Lund mobil 97590829 eller

Hjelmeland begravelsesbyrå og mobil 90550905.

Gravfeltene både på øvre og nedre del av kirkegården i Måløy står tett.  Det kan være vanskelig å grave med maskin uten å skade gravsteiner.  De som har festet gravplass i dette området bør derfor være forberedt på at det mest sannsynlig blir lagt opp til urnenedsettelse.  Det betyr bisettelse og ikke begravelse med kistegrav.

Den dag kjem aldri

"Den dag kjem aldri at eg deg gløymer,
for om eg søver, eg om deg drøymer.
Om natt og dag er du like nær,
og best eg ser deg når mørkt det er.

Du leikar kringom meg der eg vankar.
Eg høyrer deg når mitt hjarta bankar.
Du støtt fylgjer meg på ferdi mi,
som skuggen gjeng etter soli si.

Når nokon kjem og i klinka rykkjer,
det er du som kjem inn til meg, eg tykkjer:
Eg sprett frå stolen og vil meg te,
men snart eg sig atter ende ned.

Når vinden lint uti lauvet ruslar,
eg trur det er du som gjeng der og tuslar!
Når sumt der borte eg ser seg snu,
eg kvekk og trur det må vere du.

I kvar som gjeng og som rid og køyrer,
det er du eg ser, deg i alt eg høyrer:
i song og fløyte-og felelåt,
men endå best i min eigen gråt."

Aasmund Olavsson Vinje (1866)

Søk på gravlagte

Her kan du søke på gravlagte på kirkegårdene i Vågsøy kommune.
Gravident i høyre kolonne innholder gravplassnr, felt, rad og gravnummer - f.eks. 01.A.11.008